Mot toppen av Kjøtteinsbakken (bakken frå Amfi mot Almås Hotell) står der eit par varselkjegler som ber køyrande trafikk syna ekstra varsemd. Kjeglene er plasserte der det er eit søkk ned mot eit firkanta lok som ligg farleg skeivt. Alt greitt sett frå HMS-vinkel, med andre ord. Men sidan kjeglene har stått veldig lenge allereie, og det går mot fare for snø og glatt, lurer brukarar av den kommunale vegen på kva tid ting skal bli ordna. Kanskje er det snart føreståande?