650 hundar fordelt på 240 rasar var påmeldt Fitjar – Stord Hundeklubb si utstilling på Vikhaugane denne helga. Det er fast at hundar med eigarar inntekt og idrettshallane andre helga i november. På sitt høgaste nivå var det ca 1000 hundar med, etter koronaen har det vore noko mindre.
Men leiaren i klubben, Kurt Samuelsen, seier seg nøgd med deltakinga. Det same sa domarane om kvaliteten på rasehundane: Godt nøgde og det vanka mange sløyfer. Domarane i år kom frå Finland, Sverige, Nederland og Noreg. Hundane, med eigarar, kom frå heile Vestlandet.
Fitjar – Stord Hundeklubb, skipa 1983, kan feira 40-års drift med 200 skrivne medlemer.