Bømlo Kulturhus har 350 stolar å by publikum i Storsalen, måndag denne veka vart det selt billett til 349 billettar til foredraget «Mit liv i Kina» – med NRK-journalist Kjersti Strømmen. Det er rekordframmøte til forelesing ved Sunnhordland Senioruniversitet. «Studentane» kom frå heile regionen og til dømes var det mange stordafjes å sjå.
Strømmen har vore korrespondent i Kina og Austen i ti år, har lært seg språket i det nest folkerikaste landet i verda (nett forbigått av India). Hytta på Bømlo er gjerne basen når ho er i Noreg.
Med bustad i gamlebyen i Beijing og fritidsbustad oppunder den Kinesiske mur, har journalisten fått god innblikk i den kinesiske kvardagen og utviklinga som har vore. Strømmen la ikkje skjul på at det tidvis kunne vera vanskeleg å arbeida med saker i eit framleis nokså lukka kommunistisk land – med 1,4 milliardar innbyggjarar. Men det var alltid givande og spennande. Ein ny korrespondentperiode til Kina står på ønskjelista, sa ho til eit interessert stillelyttande – og til slutt sterkt applauderande publikum.
Forelesingane i Bømlo kulturhus er lagt i to økter med kaffi og lappar i pausen. Neste samling er 21. november, då med ein annan NRK-journalist på scenen: Stordabu Halvor Folgerø, som skal kåsera om ville vestalandsvegar som han har skrive bok om. Siste samling i år blir 5. desember med trubadurane Tor Olav Sønnervik og Tor Olav Steindal. Emnet er «Møte med Beatles og Rolling Stones».