Kva med alkoholsal i digital butikk?

Alkohol kan førebels berre seljast med tilsette på plass i butikken.

Huglabutikken AS har årsmøtevedtak på å jobba fram mot digital drift, mest utan tilsette og med lang opningstid. Kundane skal kunne ordna seg sjølve, med kort til døropning, varehenting  og betaling. Nærbutikken har salsløyve for alkohol og spør kommunen kva reglar som gjeld for omsetnad av slike varer utan tilsette til stades?

Eining for fellestenester svarar som sant er, at Stord kommune ikkje har fått spørsmål kring denne  problemstillinga tidlegare, og har difor heller ikkje teke stilling i saka. Det blir vidare vist til at arbeidet med dei alkoholpolitiske retningsliner for perioden 2024-2028 skal behandlast  i løpet av våren som kjem, og ein vil ta spørsmålet frå Huglabutikken AS med inn i dette arbeidet.  

Fellestenester rundar av  med sliktlydande førebels svar:  – Helsedirektoratet meiner at sal av alkoholhaldig drikke frå ubetent butikk vil vera ei salsform som etter direktoratet si vurdering krev endring av regleverket, – og som per i dag såleis er ikkje er lovleg.