Vokalensemblet mMokkat i samarbeid med Johanne Øvstebø Tvedten tar opp igjen suksessen frå i fjor haust, og inviterer til konsert i konsertsalen på Stord vidaregåande skule sundag 29.oktober.
Konserten «Skapande kvinner i vest» vil løfta fram kvinnelege lyrikarar og komponistar, med særleg vekt på Signe Seim (1929-2023, Voss) si dikting, samt nyskriven musikk av komponist Kjersti Follesø (65, Bømlo). Seim hadde ein stor produksjon, men er ikkje så kjend utanfor heimbygda, og i relativt liten grad tonesett.
I tillegg vil me ha med verk av andre kvinnelege diktarar som t.d. Inger Hagerup, samt verk av andre kvinnelege komponistar, som passar inn i heilskapen.
Formidlar Johanne Øvstebø Tvedten vil binda det heile saman gjennom diktlesing og forteljingar om kvinnelivet på Vestlandet gjennom tida.
Johanne Øvstebø Tvedten, forfattar og formidlar, har bakgrunn som drama- og teaterlærar, og har vore formidlingsleiar ved Sunnhordland museum i 20 år; ein jobb ho pensjonerer seg frå i desse dagar. Ho er kjend for å skriva og framføra historiske forteljingar for både unge og eldre, og levandegjera fortida ved å skapa indre bilete og eit sterkt engasjement hos tilhøyrarane sine.
Vokalensemblet mMokkat består av åtte kvinner, og held til på Stord. Ensemblet blei starta i 2007 av Maria Malmsten, som er kunstnarleg leiar. mMokkat er eit semiprofesjonelt ensemble. Fire av medlemmene har høgare musikkutdanning, tre på song, og fire er erfarne korsongarar. Me ynskjer å formidla musikk av høg kvalitet og bidra til å gjera nyare kormusikk kjend for eit større publikum.
Songarane i mMokkat: 1.sopran: Anne Guro Korsvoll og Ingjerd Kannelønning Kolstad, mezzosopran: Maria Malmsten og Kjersti Follesø, 1.alt: Britt Kristin Balchen og Tone Heide, 2.alt: Siw Vad Haraldsen og Herborg Tegle.
Symbiosen av mMokkat sine klingande ord og tonar, og Johanne sine tekstar om levd kvinneliv på Vestlandet, skapar ei sterk framsyning som set både ord og tonar i nytt perspektiv og nytt lys.
Det vert servert enkel kveldsmat etter konserten.