– Det er ikkje å stikka under ein stol at slike kulturminne er sterkt utryddingstruga . Stadnamna med meininga som ligg bak forsvinn med dei menneska som har brukt dei, difor er det viktig å få dei dokumenterte og sikra for framtida. Eg må få takka for den imponerande store jobben som er gjort med å samla inn og kartfesta stadnamn.
Desse godorda er skrivne av kulturådgjevar Ragnhild Tveit i Stord kommune i brev til Huglo Bygdalag – med underadresse til Eldretreffet i skulstova. I tillegg til mat og prat på samlinga ein onsdag i månaden, likar dei å jobba med prosjekt. Innsamling av gamle skulebilete og namnsetjing på elevane var ikkje forvel avslutta, før den eldre garde sette seg føra å samla framleis levande stadnamn og føra dei på kartet. Fangsten vart stor; 640 namn. Tidlegare i haust var lister og kart sendt kommunen, som har sendt kulturminnematerialet vidare til fylkesarkivet for Vestland der dei for tida jobbar med eit stort stadnamnprosjekt.
– Fylkeskommunen har løysingar for å ta vare på og gjera stadnamna tilgjengelege i stadnamndatabasen fylkesatlas.no, opplyser kulturrådgjevar Tveit.