Stord kommune mottok førre veke ei svært så hyggjeleg melding frå Det kongelege kultur- og likestillingdepartementet. Der står det:
«Me viser til brev datert 1. desember 2022 frå Stord kommune med oppmoding om utbetaling av tilskot til aktivitetspark Gropo ved Stord Kulurhus. I brev av 10. desember 2020 fekk Stord kommune tilsegn om kr 4 000 000 frå tilskotsordninga for nyskapande aktivitetsarenaer. På grunnlag av føreliggjande informasjon finn departementet å kunna utbetala heile tilskotet. Beløpet, kr 4 000 000, blir overført Stord kommune sin bankkonto om kort tid. Overføringa blir merka: prosjekt 4659 aktivitetspark Gropo»