– Forslag om å byta namnet på utvalet vart reist også for 4 år sidan, men vart nedstemt av Senterpartiet. No vart det samrøystes vedteke å døypa om til Utval for byutvikling, for det er jo det som bli hovudoppgåva vår. Og byen heiter som kjent (heile) Stord.
Reinert Svanberg (Frp), den nye leiaren i det «nye» utvalet veit godt kva det dreiar seg om. Førre valbolken var han nestleiar i utvalet som fekk tilnamnet PUT, utval for plan og utvikling. Han meiner den nye nemninga meir synleggjer kva jobben blir for dei 11 folkevalde i utvalet. Namneendringa vart vedteke på det konstituerande møtet for Stord kommunestyre 2023-2027.
Arbeidsområde for utvalet er nedfelt slik:
- Hamnesaker
- Teknisk/fagleg godkjenning av planar for idrettsanlegg ved søknad om statleg stønad (spelemidlar) og ferdiggodkjenning av anlegg
- Tekniske tenester, herunder også vatn- og avlaup, sektorplanar, inkludert kommunedelplan
- Kultur- og bygningsvern
- Fastsetjing av stad- og vegnamn og skrivemåte m.m.