– Goddag i kommunen. Parkeringsplassen på Vabakkjen har fått 12 nye ladepunkt. Kva skjer med dei åtte «gamle» landepunkta, i si tid sett opp av kommunen. Fungerer dei? Og kva om ein «berre» parkerer der? Har ikkje sett bilar på desse plassane på lang, lang tid.
Dette var innhaldet i e-posten stordront.no sende vegmynde i Stord, Anne Randi Naurstad, tysdag føremiddag. I retur kort tid etter, kom dette svaret:
– Hei. Avtalen med Charge365 er sagt opp frå og med i dag. Dei åtte laderane skal førebels dekkast til og etterkvart fjernast.
Disse plassane kan difor no nyttast til parkering.