Julepynt til både hus og tre, godlukt og fargerike forkle, elegant fuglemat i kopp på asjett (!), interiørartiklar, nylaga popcorn, bakst av ymse slag, rørte tyttebær, tekstilar og mangt anna freistande. Vareutvalet på årets haustmesse i gymnastikksalensalen på Huglo Bygdahus var det ingen ting å seia på. Ikkje frammøtet heller, dei tre timane etter klokka 1200 laurdag. – Tidvis hektisk ja, melder arrangørane i Bygdekvinnelaget, som varta opp med kafè-servering med mykje kakegodt på menyen. Slikt blir det lett sosial «hæppening» av, som slike messer også er meint å vera.