Etter ein haust der nye låtar fra Sogn er blitt partyslagarar og gamle låtar har sendt dei til toppen av listene i Japan, er det ei glede å igjen presentera Ylvis på 2023 plakaten. Fredag 14. juli inviterer brødrene til hitparade.
Som i suksess-serien «Ylvis i Sogn» tar Vegard og Bård Ylvisåker med seg veslebror Bjarte, samt eit rått lag av musikarar. Med nye låtar frå sin VGTV-serie og ei rekke virale hits på menyen, har me mykje å sjå fram til når komikarane byr opp til fest. Det blir garantert gjenhør med gamle slagera som Stonehenge og Egeland, samt nyare hits som Skaol Skadle og Firkantfar. Og ingen bør bli overraska om det står både lunken mat og rev på menyen.
– Ufattelig gøy at me fekk dette til! Når det blei kjent at Ylvis skulle tre inn i manesjen igjen tidligare i år bestemte me oss tidlig om at me måtte prøva å få dei til Tysnesfest! Heldigvis var dei meir enn villige til å koma attende, og no skjer det! Fredag 14. juli blir ein fantastisk kveld på Gjerstad.