Songlaget Stordabuen byr på «Rock og sånt»

I september framførte Stordabuen deler av  rock- og sånt-programmet på konsert Spania, til stor suksess. (Foto: Steinar Hystad)

– Det nærmar seg, ja. Me hadde første øving i Kulturhuset måndag, og skal ha den neste på torsdag.

Generalprøven er laurdag føremiddag, før det brakar laus med premiere laurdag kveld.

Dette seier dirigent Torleiv Agdestein til stordront.no, nokre dagar før dei 70 songarane i Songlag Stordabuen går på scenen med konserten n «Rock og sånt». Igjen er det Agdestein som har arrangert alle låtane for kor og orkester.

– Øvinga måndag var først og fremst ei «forflyttingsøving». Det vil seia at me øvde på kor me skal gå når ein gitt song er ferdig, når solistar skal inn, forteljarar skal snakka og alt slikt. Bandet var med på scenen og me brukte ein god del tid på å stilla lyd, finna balanse mellom band og kor – og band og solistar.

– Med i bandet er Ståle Tesdal, gitar, Severin Vik, tangentar og gitar, Åge Ottesen, bass, og Torbjørn Agdestein, trommer. Severin er førstereisgut med oss. Torbjørn var med for første gong i fjor. Ståle og Åge har vore med lenge, seier Agdestein.

Laila Føyen, Ellen Simonsen, Stine Haugland Skartveit og Endre Bjørn Ladehaug går inn og ut av rollene som forteljarar.

Det kan også nemnast at Solgull Rennemo har ei rolle i framsyninga. Og ho er ingen kvensomhelst. Det er vel knapt ein stordabu over 40 som ikkje har vore innom den vidgjetne platebaren hennar. Solgull har henta fram ulike effektar frå den tida som vil vera med og pryda scenen.

– Det må også seiast at «Rock og sånt» slett ikkje er noko tungrock-show, om nokon skulle tenkja slik. Stordabuen durar på i kjent stil og leikar seg med songar dei fleste kjenner og har eit forhold til frå før. Høg mimrefaktor, med andre ord. 

Men: Er det rock, så er det rock. Både Queen, Pink Floyd, Metallica og Eagles er med på repertoaret. Og Elvis. Og Bill Haley. Og naturlegvis norske band som DDE, Dum Dum Boys og Kaizers Orchestra. Litt for ein kvar smak, med andre ord, tipsar dirigenten.

Det er sett opp tre framsyningar.