Skal me tru den evigvarande engelske TV-serien, og det er det mange som gjer, så hadde dei i alle fall hjarta på rett plass i byen Aidensfield for nokre tiår sidan. «Med hjarta på rette staden» har mange vener og har igjen fått sendetid på høvande kveldstid på NRK2.
Noko særskilt gjer det med oss, dette hjartesymbolet. Det kan godt vera laga i stein, ein mjuknar uansett. Du møter på ei steintøff hjarteleg helsing om du går «ront Landåsen» med start frå Vabakkjen mot vatnet. Følg med når du kjem til tunnelen under E39 i Lønningsdalen.