TILBAKEBLIKK: Dronning Sonja, hadde tittelen kronprinsesse, då ho 23. august i 1982 døypte nyaste tilveksten til Redningsselskapet; – redningskryssaren «Olav V». Dette skjedde ved kai i Stavanger, der kong Olav V var sjølvskriven gjest.
«Olav V» var med sine 90 fot, største båten som til då var bygt i aluminium ved Oma Baatbyggeri AS på Stord. – Eit sveinestrykkje for verksemda vår, sa disponent Gunnar Oma under festmiddagen etter dåpsseremonien. Det vanka mykje ros for godt arbeid.