Stord kommune seier i denne omgang ja til vegstellet sine reduserte planar for smalare gang- og sykkelveg og diverse andre trafikale løysingar for prosjektet. Reduserte budsjett er årsaka til at gang- og sykkelvegen Tveita -Heiane blir bygt med 4,5 meters breidde, mot planlagt 5,5 meter. Det kjem heller ikkje rundkøyring på E39 i krysset på Tveita. I svarbrev på reduksjonsmeldinga skriv ordførar Gaute Epland og kommunedirektør Tommy Johansen mellom anna:
– Bygging av føreslått gang- og sykkelveg vil likevel skje innafor ramma av gjeldande reguleringsplan slik at mogleg utbygging av rundkøyring i samsvar med reguleringsplanen kan la seg gjennomføra på eit seinare tidspunkt.
Om den reduserte gang/sykkelveg breidd heiter det:
– Stord kommune set som vilkår at løysinga framleis har eit fysisk skilje mellom gangfelt/fortau (min 1,5 m breidde) og sykkelveg (min 2,5 m breidde) i form av kantstein eller liknande.