Kore mange ti-tusenvis av sør-rullande bilar på E39, store som små, som har fått seg ein ukjekk dump like før Førlandskrysset siste åra, er vondt å seia sikkert. Men talet er høgt. Og dumpen har vore omtalt her på Stordront.no eit par gongen, inkludert sterk bøn til Statens Vegvesen som eigar, om å få orden på tilhøva. No er det gjort. Dumpen er ifylt. Det same vil skje med dumpen på E39 ved Litlabøkrysset på Lønninga.
Dermed – fortener etaten ros og takk.