Smell som pistolskot!

Loket ligg laust og det smell godt når bilar passerer. (Foto: Steinar Hystad)

Kvar gong ein bil  rullar over kum-loket  i rundkøyringa (Rondingen på kaien) næraste  Osvald Pub, kjem det smell i klassen med eit pistolskot.

Og slik har det vore ei lang stund.  Det må det bli slutt på, skriv ein person i brev til kommunen. 

– Den korrekte adressa for å få noko gjort med kumlok og lyd, er fylkeskommunen som  eigar av gata Sunnhordlandskaien. Den går rundt «Rondingen» på si ferda ut frå  bussterminalen. Eg skal syta for at meldinga blir sendt vidare til rett adresse, seier vegmynde i Stord Anne Randi Naurstad til stordront.no.