Snakkar me om Nordre Kaisving?

Tilveksten har vore ovstor i sommar. (Foto: Steinar Hystad)

«6. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å ta initiativ til å etablera ei stifting for å etablera ein park i Borggata i samarbeid med private aktørar.»

Ved lesing av protokollen etter formannskapet onsdag, var det godt grunnlag for ekstra lesing av punkt 6 i  innstillinga som vart sendt vidare til kommunestyret, når det gjeld 2. tertialrapport 2023 arbeidsoppgåver vidare. Visste me ikkje betre, kunne tolking  tilseia at det i hovudgata skal lagast park. SÅ stille er det vel ikkje blitt i Borggata? At det kan bli parkområde? Vedtaket, gjort med 5 mot 4 røyster (H. Frp og Krf), kunne godt nemnt kva tomt det gjeld – og gjerne også at Leirvik er utstyrt med park i området frå før:

Nordre Kaisving og Baard Hauglands plass. 

Eit sentralt kulturminne i byen stordront.no har ytra ank for, sidan tilveksten av eføy, stikkebuskar, bingebær og selja har vore ovstor denne sommaren.