Alltid kjekt å henta fram plussprotokollen for innføring av gode hendingar til gode føremål. I dag går såleis rosen til ansvarlege for vegen over Saghaugen, der det i seinare tid er koma på plass nye og behageleg fartsdemparar. Behagelege i den tyding at ein ikkje fyk til vers i bilseta ved passering. Med til denne soga høyrer at det ikkje er så alt for lenge sidan nye og betre «humpar» vart etterlyst på strekningen.