Sunnhordlandsfloraen tema for seminar på museet

Stord sogelag og Sunnhordland museum vil saman med Sunnhordland botaniske forening, Geopark Sunnhordland, Naturvernforbundet og Os sogelag skipe til eit seminar om den mangfaldige og unike floraen i Sunnhordland , onsdag 18. oktober.

Fleire, både fagfolk tilknytta institusjonar og lekfolk, sjølvlærde og kunnskapsrike, har gjennom fleire århundre gjort ein stor innsats for å dokumentere og vekke interesse for vår særmerkte og rike flora. På seminaret vil ein få anledning til å bli betre kjent med nokre av desse,  samt  både og sjå og høyre meir om botanikken i nærområdet vårt.  

PROGRAM:

15:00 – 15:30
Innleiing og velkomen ved Kjellbjørg Lunde, Stord Sogelag
«Geologi, jordsmonn og flora», Brynjar Stautland, Geopark Sunnhordland,
«Klosterplanter», Helén Petersen, avdelingsleiar Halsnøy Kloster, Sunnhordland museum

15:30 – 16:15
«Naturen i Sunnhordlanden. Ein oase av sjeldne arter og naturtyper», Per Fadnes (biolog/ emeritus HVL), Sunnhordland botaniske forening.

16:30 – 17:15
«Amatørbotanikaren Olaf Hanssen», Øyvind Tøsdal, Os sogelag

17:30 – 18:00
«Kirsten Sørheim: Floraen på Stord», Bjørn Sørheim

18:00 – 18:30
Tidlegare botanikarar frå Stord offentlige lærerskole; Askell Røskeland og Jon Gjerstad. Per Fadnes (biolog/ emeritus HVL), Sunnhordland botaniske forening.

18:15 – 19:00
«Ville blomar i Sunnhordland», Jan Rabben, naturfotograf, Naturvernforbundet.

19:00 – 20:00
Oppsummering og diskusjon, leia av Stord Sogelag.
Utstilling av Kirsten Sørheim sitt herbarium og gamle skuleplansjar (flora), frå Sunnhordland museum sine samlingar.

Pris: 150,- (inkludert kaffi/ te og enkel servering)