Så stor var delegasjonen frå Herlege Stordøy, at utsendingane frå bykommunen vart tildelt eigen bane då boccia-haustsesongen sist veke starta opp på Sjømannskyrkja i Albir. På nabobanen samlast kastarar frå eit meir blanda noregskart. I begge leiarar var det god stemning, sidekommentarar med snert, glede og vonbrot i god blanding. Det er varmt, sola jobbar frå skyfri himmel, men får ein sitja i skuggen under kjempefurua og venta til neste kast, er kuleleiken absolutt verd å prøva. Og dugleiken, den kjem etter kvart.
Kvar tysdag og torsdag i «vinterhalvåret» invitere Albir-kyrkja til boccia klokka 11.00 – med frammøte i god tid til registrering og kuletildeling.
Premiering høyrer med, kvar gong. Det skjer i like sosiale former i bakhagen, etter vaffel og kaffi og ihuga drøfting av kasteteknikk eller andre store aktuelle tema. Kostar litt, men er absolutt verd sine euro, som endar i driftskassen til Sjømannskyrkja.
Ei lang og gode rekkje av stordabuar har funne Alfaz del Pi og Albir som gode stader å nyta sydens sol og klima. Såleis skulle det vera fullt mogleg å halda oppe høg Stord-deltaking på boccia-banane ved kyrkjesenteret – rett oppom «Consumen». Lukke til.