– Om me ser talet hyttebesøk i Bergen og Hordaland Turlag under eitt i år, er det gått opp med 64 prosent på hyttebesøk og 58 prosent på overnattingar, samanlikna med same dato i fjor. Auken skuldast i stor grad dei to nye hyttene Rongevær, med ca 2000 besøk og Stovegolvet med 700 namn i protokollen. Felles for desse hyttene er at dei opna og kom i drift i fjor sommar, melder Sti og Varde – medlemsmagasinet for turlaget i fylket.