Kommundirektør Tommy Johansen har lagt fram 2. tertialrapport med budsjettendringar som skal opp i formannskapet neste veke. I samandraget skriv han:
Driftsrekneskapen per 31.08.23 viser eit netto meirforbruk på 5,6 mill. kr. Samla meirforbruk i einingane er 35,5 mill. Inntektene viser ei meirinntekt på 22,5 mill. og finansinntekter viser 7,3 i meir inntekter. Netto gir dette eit meirforbruk på 5,6 mill. Gjennomsnittleg konsumprisindeks dei 8 første månadane i 2023 har vore 6,2 prosent. Prisstigning lagt til grunn i rammene frå Staten var 3,7 prosent.
For 2023 la administrasjonen opp til eit driftsbudsjett i kroner for einingane som var under 2022 forbruk. Til grunn for dette låg forventning om redusert sjukefråvær etter at dette hadde vore prega av ein pandemi. Regeringa la til grunn ein lønnsvekst på 4,5 prosent og prisvekst på 3,7 prosent. Skatt og ramme ved inngangen til budsjettet var også på 2022 nivå basert på prognosemodellen til KS og regjeringa. I første budsjettrevisjon la ein til grunn ei samla styrking av einingane med 34,5 mill. 15,5 mill. av dette var på grunn av lønnsoppgjeret som vart høgare enn budsjett, og 5,3 var knytt til pensjon.
Skatteinngangen har hatt ein svært positiv utvikling gjennom 2023, men det er knytt større usikkerheit til korreksjonsoppgjeret i år. November oppgjeret i fjor var stort, men det er større usikkerheit knytt til året november oppgjer. Kommunedirektøren finn difor ikkje rom for å auke prognosane for skatteinngangen sjølv om avviket så langt i år har vore positive.
Andre sentrale poster er straum, lønnspott og finans. Straum har hatt ei positiv prisutvikling i forhold til budsjett og ein vel å redusere budsjettposten med 4,5 mill. Lønnspotten må aukast med 2 mill. etter at ein ser totalen for lønnsoppgjeret. Når det gjeld finans må minimumsavdraget aukast med 4,5 mill. og renteinntektene er forventa å auke med 2 mill. Det positive avviket i avkastning på kraftsalsfondet er ikkje teke inn i budsjettendringane, men så langt i 2023 har fondet gitt ein urealisert gevinst på kr 5,3 mill. over budsjett.
Utvalsområdet Formannskap og driftsutval går i stort i balanse. Noko meirforbruk på lisensar og nokre andre postar. Kommunedirektøren føreslår å styrke budsjettet til Fellestenester med kr 375 000. Under utval for plan og utvikling finn ein sjølvkostområda Regulering/byggesak/oppmåling, Vatn og Avløp og Brannførebyggjande. Mindreforbruk i desse einingane vil gå tilbake til sjølvkostområdet sine fond. Det er lagt inn ein sum for installasjon av vassmålar i offentlege bygg på kr 100 000. Kommunedirektøren la i møte med Kontrollutvalet 21. september fram ein rapport rund vedlikehaldsetterslepet på bygningar og vegar i Stord kommune. Samla viste denne eit etterslep på xxx for veg og xxx for kommunale bygg. Kommunedirektøren vil komme tilbake med forslag til tiltak i budsjett og økonomiplan for 2024-2027.
For utval for oppvekst og kultur, varsla administrasjonen om at det ville komma kostnader knytt til born med rett til tilrettelagt undervisning i skule. I tillegg medfører ressursfordelingsmodellen at løyvinga for hausten blir korrigert etter at ein kjenner til kor mange elevar som skal gå på kvar skule. Skulesektoren har også eit behov for auka løyving for pedagogiske digitale verktøy. Samla tilleggsløyving i skule blir difor 6,4 mill. Utfordringar knytt til vikarar og overtidsbruk har også ramma skulesektoren og det er meirforbruk i sektoren som ikkje har fått tilført nye budsjettmidlar.
Vaksenopplæringa har eit mindreforbruk og føreslår å nytte noko av desse midlane til kjøp av elevPCar til invandrarar. Det er difor lagt inn kr 620 000 som blir overført til investeringsrekneskapen til dette bruket.
Det største meirforbruket finn me i utval for rehabilitering, helse og omsorg (RHO). Meirforbruket er per 31.08. 26,5 mill. samanlikna med revidert budsjett for 2023. Dei største avvika finn ein innanfor dei døgndrivne einingane. Overforbruket er spesielt knytt til dyre løysingar for å erstatta vakante stillingar og sjukefråvær. Einingane må enten bruke eigne tilsette, som ofte resulterer i overtid. Eller dei kan velje å leige inn frå vikarbyrå. Kostnaden for begge desse alternativa er høgare enn ordinær løn for eigne tilsette.