– Slike snøklumpar er direkte farlege

Lur er den som tar seg tid til å fjerna skjermklumpane etter kvart (Foto: Privat)

Kvar gong  Liv Astrid Fylkesnes ser  snøklumpar mellom skjerm og framhjul på bilar, får ho ekle «frysningar»

– Ja, då kjem minner om ei vond hending for 30 år sidan  over meg. Eg jobba i den kommunale heimetenesta.  Også då hadde det snødd ein del, og eg var køyretur til eit nytt besøk. Brått merka eg at bilen ikkje lystra når eg svinga på rattet. Det gjekk rett fram og eg kunne lite gjera.  Skikkeleg ekkelt. Og grunnen:  – Ein knallhard snøklump under skjermen som  sperra  for svingen på framhjulet. 

–  Ta ein kikk og spenn vekk klumpen før du køyrer, oppmodar Liv Astrid Fylkesnes.