Kan vera trong for tips i denne leid, ja!

Lite informasjon å lesa om skikk og bruk i skog og mark ved Hauglandskverna. (Foto: Steinar Hystad)

Langs den mykje brukte skogs- og turvegen innover mot Hauglandskverna og gapahuken like ved, var det ein gong rigga til med informative skilt som gav tips om det ein såg rundt seg i naturen. Ein del av skilta står der framleis, men informasjonen dei gir frå seg er det så som så med. 

Eit grelt døme er oppslaget ved inste brua over Vadelva, kor ein kan gå vidare oppover mot Fjellstova. Der skulle ein kunna tileigna seg turvande kunnskap om skikk og bruk når ein ferdast i skog og mark, men den informasjonen er viska vekk. Då kan vel berre eitt av to gjerast: setja opp ny tekst eller ta skiltet ned?