Stordøy Jeger og Fiskerforenng vil betra habitatet for anadrome fiskelsag i Tinnsleva, og har i den samanhang søkt løyve til transport av gytesand med helikopter. Dette seier løyvande makt, i dette høvet Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, ja til. I ein periode på 30 dagar kan det fraktast 30 tonn grus (i sekker a 800 kilo kvar), frå området ved vindusfabrikken ved Koløyvegen til elva. Jeger og fiskeforeningen har ansvaret for å nå ut med turvande informasjon om oppdraget.