Ja, til Fitjarhesten og Litlasåta

Litlasåta seier Språkrådet er det rette (Kartillustrasjon)

Fitjar fjellsameige har sendt ønskje til Språkrådet om å få det nedarva namnet Litlasåta/Litlasåto SSR-registrert som namn på ein fjelltoppn nær Mehammarsåta.   

Språkrådet svarar:

– Førelekken Litla- har fjelltoppen venteleg fått fordi han ligg like nordvest for det høgare fjellet som ber namnet Mehammarsåta. (Høgdeskilnaden er kring 76 meter.) Etterlekken i det sistnemnde namnet er registrert med skrivemåten -såta som eineform. Me finn det difor tilrådeleg at denne skrivemåten òg blir nytta i det namnet som det no er tale om å få registrert i SSR. I punktet 4.2 i dei utfyllande reglane er det gitt opning for bruk av skrivemåten -såto, men me tilrår prinsipalt at Litlasåta blir fastsett som offisiell namneform.

Rådet viser til at det i same fjellområdet er SSR-registrert namneformer som Djupatjørna, Tveitaelva og Hageelva

Språkrådet har også  ei klar meining om namnet på høgaste fjelltoppen i Fitjar:

–  Frå kommunen er det komme eit ønske om å få Fitjarhesten registrert som namn på den høgtliggjande korte fjellryggen som det er tale om her. Det verkar tilrådeleg å la Fitjarhesten bli fastsett som offisiell namneform, heiter det brevet kommunen nyss har motteke. .

Det bli sagt frå informert hald i Fitjar at «hesten» ligg så tett i grensa at deler av hestarevo ligg i Stord…