1700 musikantar på Stord-festival

Reineret Agdestein, dirigerte storkorpset på musikkfestivalen 1982. (Foto: Tor Resser)

TILBAKEBLIKK: 37 korps med totalt 1700 musikantar sette kvarandre stemne på Stord ei helg i juni 1982. Det vart ein musikkfestival med sus i, melde Sunnhordland i etterkant. Opning på plassen framfor Stord Ungdomsskule laurdag føremiddag, der korpsnestor i Stord,  Reinert Agdestein, dirigerte felleskorpset (biletet). 

Utover Laurdagen var det diverse program for deltakarane, som runda det heile av søndag med innmarsjar, drilltevling og konsert på Stadion. Denne perioden var også stordomstid for korpsrørsla på Stord. Utsendingen frå Norges Musikkorpsforbund hadde lese loggane og opplyste i helsingstalen at det i kommunen (den gongen) var 440 musikantar fordelt på 14 korps/musikklag.