Dei 11 medlemene i Utval for plan og Utvikling «delte» seg i synet på framtida for det per dato nedtappa Vannverket i Lønningsåsen.
Medan fire (H og Frp) gjekk for forslaget til kommunedirektøren om å riva demningen og la naturen overta, gjekk fleirtalet på sju inn for å senda over denne innstillinga til kommunestyret si avgjerande behandling av saka:
«Kommunestyret vedtek alternativ 1, å riva og etablera ny dam. Kommunestyret vil koma tilbake til finansiering i samband med budsjett for 2024. Kommunestyret legg til grunn at kommunedirektøren undersøkjer alle moglegheiter til å få statleg støtte til tiltaket, som viktig kulturminne og nærmiljøanlegg.»