Venelaget for Hagerupshuset startar opp med månadlege Torsdagstreff igjen, 7. september klokka 1800.
Dette har vore eit eineståande tilbod opp gjennom åra, med kåseri av folk som har mykje å fara med og med musikk og song. Til vanleg møter godt vaksne, men her er godbitar å få med seg for både ung og gamal.
Dugnadsgjengen, diskar opp med snittar, kaker og kaffi. Bjørn Arve Lunde har alltid noko forvitneleg å fortelja, og han vil leia allsongen. Trioen Kjell, Svein og Lorentz sper på med glade melodiar.
Velkomen til alle.