Dei tre gongene no på seinsommaren Leirvik har fått store curisefarty på besøk, har mange av passasjerane lat turen til Stord kyrkje etter landkjenning på Nattrutekaien. – Me har hatt opne dører og hatt ein jamn straum av interessert innom desse dagane. Rundt 400 frå «Rotterdam» og i dag ser det ut til å bli godt besøkt igjen. Eit par timar no på føremiddag, må me stengja grunna tillyst babysong med ei god rekkje påmelde, fortalte kyrkjeverje Liv Kari Bru til Stordront då uret viste halv på tolv.
Ein liten flokk cruisegjester hadde spurt om det var mogleg å få med seg songstunda for dei små, og det vart det naturlegvis svart ja til. Passasjerane gav Stord kyrkje ros for utsjånad og alder, alterbilete og plassering ved sjøen. Dei ville også ha greie på kor mange som var medlemer i soknelyden og kor mange som plar møta til gudsteneste.
I sentrum elles og langs strandpromenaden ut mot Storddøra var det heile føremiddagen jamn gå-trafikk av cruisegjester. Holland America Line har alt tinga seg ankringsplass på Vikafle nokre gonger i åra som kjem. Hamnesjef Espenes har kalla interesseorganisasjonar til møte denne veka, for å planleggja korleis byen skal presentera seg og ta turistane imot.