Eit kvarter før klokka kunne slå sju måndag morgon, seig det om lag 300 meter lange cruiseskipet «Nieuw Statendam» inn på Fle, kor ho elegant snudde mellom Moloen og Husøya og la seg i posisjonen skipet skal ha fram til klokka 1700. Også dette skipet seglar for selskapet Holland America Line, same som «Rotterdam» som pryda hamna 23. august.
Til Leirvik kom «Nieuw Statendam» frå besøk i Reykjarvik og Stavanger. Ho har kapasitet for 2650 passasjerar, som blir teke godt vare på av eit mannskap på om lag 1000.