Stor gangtrafikk – lite måking

Ingen brøyting så langt, av gangvegen i gjestehamna. (Foto: Steinar Hystad)

– Forunderleg, seier ein lesar til stordront.no. Han peikar mot delen av hamnepromenaden inst i gjestehamna i Leirvik der snøen er blitt liggjande medan gater og fortau elles i sentrum er blitt rydda.

– Det er vel kommunal gangveg dette også, seier lesaren med spørjande røyst.