– Eg har gitt meg ut på ein kamp som eg veit er vond å vinna, men eg gjer no mitt!
Ho gjekk langs fylkesvegkanten og reiv opp ein større bukett av planten landøyda, dama som kom med dette hjartesukket. Planten er rimeleg fin å sjå til, men er giftig for både beitande dyr og menneske. Og landøyda spreier seg fort.
Kommunestyremedlem for Høgre, Fredrik Litleskare, vil ha kommunen med i kampen mot den unyttige og farlege planten og har meldt spørsmål til komande heradstyremøte. Der ber han ordføraren svara på om det er mogleg for vår lokale offentlege forvalting om å gjera ein innsats for å få has på landøyda.e