UNG seier ja til miljøterapeutar

Stord Ungdomsskule – «Kongen» på Vikahaugane (Foto: Steinar Hystad)

Ungdomsrådet i Stord under leiing av Inger Christin Hystad Barane, hadde første møtet etter ferien torsdag i veka som var. Det gav UNG, som nemninga for rådet er, uttale til forslag om miljøterappeutar i skulen.  Den lyd slik:

«UNG meinar det er veldig bra med miljøterapeutar i skulen. Dette vil bidra til å både betra det psykososiale miljøet på skulane, samt ta vekk belastning frå lærarar slik at dei kan fokusere på undervisning. Elevar som slik kan føle seg tryggare ved at dei veit at det er ekstra vaksne på skulen som dei kan gå til om det skulle vere noko. UNG ser ingenting negativt ved å ha fleire miljøterapeutar i skulen.»