Swingande start for haustjazzen

Fredriksberg Jazz Ensemble  – hadde konsert i  teltet ved  Fengselet hotell laurdag – til stor applaus. (Foto: Steinar Hystad)

Stord Jazzklubb opna haustsesongen med storfint besøk  frå Bergen: –  50-års jubilerande  Fredriksberg Jazz Ensemble serverte laurdag ettermiddag smekre, swingande og glade trad-låtar i teltet i luftegarden ved Gamle Fengselet Kulturhotell. Rutinerte og sikre musikarar og vokalist som det berre var godt å lytta til. Så mykje taktfullt å høyra på at  det ikkje var mogleg å halda føtene i ro.  Det heile krydra med bergensk verbalhumor på høgt nivå. Publikum takka med  engasjert applaus.  

Samstundes med  denne konserten vart programmet for jazzklubben i  haust lagt fram.  Her er  mange jazzgodbitar i vente:

  • Laurdag 9. september:  Lukas Zabullionis Trio på Stord Hotel
  • Fredag 22.september: jazz-fest på Stord Hotell  med  Steinar Raknes STILLHOUSE med Unni Wilhelmsen og Bergen Blues Band.
  • Laurdag 23. september: Jazz-fest på Stord hotell med  Runar Norsett Trio,  Hildegunn Øiseth Kvartett og The Last Hurrah (!!)
  • Laurdag 14. oktober:  Per Mathisen, Nguyen Le og Audun Kleive, Stord Hotell
  • Laurdag 21. oktober:  Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard, Stord Hotell
  • Søndag 5. november: Himmeljazz med Trygve Seim og Frode Haltli Duo, Stord Hotell
  • Torsdag 9. november: Familiekonsert med Good Time Charlie, Stord kulturhus
  • Laurdag 11. november : Christian Wallumrød Ensemble, Stord Hotell
  • Laurdag 16. desember :  9 Grader Nord, Stord Hotell
  • Fredag 29. desember: Julajam, Stord hotell.