– Lett spennande akkurat med vèret , men det heldt seg greitt opplett og me fekk ei fin stund i Parken denne føremiddagen.
Stord Kyrkje hadde lagt gudstenesta til «tribunen» i Vidsteensparken søndag, og deltakaren Stordront.no traff på var godt nøgd med både stunda og innhaldet. Prest Jørgen Knudsen leia det heile, saman med organist Noah Wibe. Samlinga vart avslutta med kyrkjekaffi.