Kommunedirektøren skisser tre moglege løysingar for vassverk-dammen i Lønningsåsen, som etter krav frå statleg tilsynsmynde for tida viser seg i uttappa versjon. Demningen stod ferdig hausten 1913, men stettar ikkje lenger tryggleikskrava og spørsmålet om kva framtida blir for dam og mur får si politiske avgjerd i haust.
I ei lenge utgreiing til førstkomande møte i Utval for plan og utvikling (PUT) viser Kommunedirektøren til tre alternative løysingar. Han innstiller sjølve på den billegaste løysinga, som er å riva demningen og la lendet gro naturleg til. Kostnaden er rekna til vel 4 millionar kroner.
Alternativt tilrår kommunedirektøren å gå for riving av demningen og bygging ny dam til vel 8 millionar kroner. Det vil «berre» bli vel 300.000 kroner dyrare enn å riva muren og byggja park i staden for dam, som er det tredje alternativet. Dei to sistnemnde alternativa vil begge dra med seg kostnader til vidare vedlikehald.