Dei 95 nye elevane på Stord Folkehøgskule denne hausten, fekk ei lærerik avslutting på todagars-turen med M/S Sunnhordland fredag ettermiddag. Elevane fekk vera med på fullskala redningsøving på Vikafle, saman med mannskap frå Redningsselskapet og Redningshelikopter frå hovudreningsentralen på Sola. 50 elevar ikledde seg redningsutstyr og hoppa i flåten akter på veteranskipet. 10 av dei vart verande på flåten og seinare heist om bord i det kraftige helikopteret, som gjekk til Sørstokken med dei «berga».
Alt gjekk som det skulle, alt utstyrt fungerte som det skulle – ei vellukka og realistisk øving, var konklusjonen i etterkant.