Tett inntil veggen på den nyleg oppførte grillhytta på friområdet ved Sæbø gard, har det vakse opp fleire planter av parkslirekne. Dette er som kjent ein særs uønska vekst i Stord. I meldingsmailen til grunneigar Stord kommune, blir det nemnt at planten kan ha koma til staden saman med tilkøyrt fyllmasse/jord. I meldinga blir kommunen sterkt oppmoda til å ta affære og fjerna parkslireknene, slik at det ikkje blir meir spreiing i friområdet.
I kvikt svarbrev takkar tekniske tenester for innspelet og lovar å sjå på tilhøva. Det er i det siste kome fleire meldingar om oppvekst av parkslirekne rundt i kommunen vår.