Det blir ein interessant start på haustsemesteret for medlemene i Utval for oppvekst og kultur. Innleiingsvis på møtet som blir halde i Kommunestyresalen i Rådhuset tysdag 29. august kl. 1400, blir det ikkje mindre enn sju orienteringar, går det fram av innkallinga.
Dette gjeld:
– Orientering om Klatrehall Nysæter Ungdomsskule, kultur og idrettspark.
– Orientering Stord Idrettslag sin arealanalyse for Vikahaugane.
– Orientering om status for Kommunedelplan oppvekst: – Alle me(d) – heile vegen.
– Orientering om mobilt skuleteam
– Orientering om status for kommunedelplanen Kultur
– Orientering om status for forstudie: – Vurdering rehabilitering av symjehallen i Kulturhuset, alternativt nytt symjeanlegg.
Så blir det attpå ei orientering frå kommunalsjefen.