– Ja, me reknar med anleggsstart på denne sida av nyttårsskiftet. Det som no står att før «spaden kan gå i jorda» er å få signert avtale med kommunen om mellom anna flytting av snøggbåtane i byggjeperioden, seier Kurt Arne Tyse i Fronta til Stordront.
Det er ein solid søknad regulering, byggesak og oppmåling har motteke frå utbyggjar. Dokumentet er på 27 sider og inneber riving av noverande bygg på Nattrutekaien 9 og nybygget med hotell og terminal. Byggjetid er rekna til 22 månader og total investering er sett til 250 millionar kroner.