TILBAKEBLIKK: 29. mars 1982 var ein alt kome godt i gang med rivingsarbeid på «gamle» Leirvik Bedehus. Som biletet fortel hadde gamlebygget tømra vegger, som stadfestar at det hadde gjort si teneste inst i Borggata i mange år.
Mykje rivearbeid vart utført på dugnad, det same med reisinga av nye Leirvik bedehus på same tomta. Nybygget var vigsla hausten 1983 og kan om eit par månader markera 40 år med aktivt. Stiftinga Leirvik Bedehus driftar bygget.