Etter oppslag her på Stordront.no om den rydda «Utsiktsparken» ved Frugardsbrua (i enden av Borggata), etterlyser ein lesar ei trapp frå parken og ned mot nye gangbrua over elveosen mot kyrkja. Tipsaren skal vita at det var svært konkrete planar for ein «hengande» gang- og sykkelveg på sjøsida av Frugardsbrua. Tidlegare vegmynde i Stord kommune, Harald Oddvar Sæbø summerer hendingsløpet slik:
«Medan brua vart finansiert med nasjonale «pandemimidlar» var planen vår å finansiera ein gang/sykkelveg frå «Utsiktsparken» og ned til plassen ved nyebrua ved midlar som var att då sykkelbyen Stord vart lagt ned. Denne var som kjent eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Fylkeskommunen og Stord kommune. Me vart fortalt at det var att ca. 1,3 mill som Fylkeskommunen meinte at dei skulle ha for å gjera ferdig heile gang/sykkelveg prosjektet langs Borggata. Eit anna problem var at standardbreidde ikkje kunne gjennomførast over Frugardsbrua,då ville det verta lite att av vegbana. Underteikna og dåverande prosjektleiar for Borggata vart samde om at dette kunne løysast med utgangspunkt i «Utsiktsparken». Omorganisering knyta til forholdet mellom Fylkeskommunen og Statens vegvesen gjorde at me diverre ikkje fekk midlar til å gjennomføra planane vår»