Så rimeleg skal straumen ha blitt, at det vert påstått at ein faktisk kan tena nokre kroner på å bruka mykje av den elektriske energien. Kanskje låg noko slikt til grunn for at det var lys i alle offentlege led-pærer i området Terminalen/Kaien/Osen på den lysaste del av føremiddagen onsdag?
Vittige tunger, var i alle fall raskt frampå og nemnde ein slik samanheng. Helst vil me tru at det var snakk om ein test – og såleis kan stordront melda attende at lyset virkar.