I dagens tilbakeblikk stoppar me på søndag 10.januar 1982. Til det kommunale vassverket var det kome melding om stor lekkasje der Hamnegata den gong svinga inn på ventekaien/Leirvik ferjestø. Om lag der me i dag har nedre rundkøyring i Hamnegata.
I Sunnhordland blei det opplyst at mannskapet frå vassverket måtte grava med største varsemd. For samstundes som det grunna tele rundt meteren djup var vanskeleg å lytta seg fram til nøyaktig stad for leidningsbrotet, måtte det takast omsyn til diverse leidningar som låg i same grøfta.
I dagane rundt brotet registrerte vassverket sterk auke i bruk av vatn. Det vanlege forbruket var rundt 350 000 liter i timen, medan det i denne kuldeperioden var forbruk målt til 610.000 liter i timen. Årsaka vart omtalt å vera «frosttapping» (i redsle for at vatnet skulle frys) og fleire brot på leidningsnettet.