Dronning Sonja (85) og kronprins Haakon (50) har hatt «runde» åremålsdagar i dette året, og ei rimeleg grei gåve frå Stord kommune ville vera å gje helsingsskiltet deira i Prestegardsskogen ein real vask. Sonja og Haakon hadde gleda og æra av å opna Helsesportløypa i samband med signingsferda sitt stopp på Stord 25. juni 1994.
Dei kongeleg vart møtte av ei folkehav då dei steig i land på Ventekaien på Leirvik og gjekk til velkomstsamling utfor Kulturhuset – alt i eit stråland vêr.