Stor flygetrafikk høgt over Langenuen laurdag av pratsame grågjess. Først fire fem flokkar i elegant V-formasjon, før det i kveldingar kom eit følgje på 90 fuglar som ei lang prikka line oppunder skyene, alt meda dei drøfta kven som skulle ta føringa og for orden på formasjonen. Som «i alle år» tidlegare, er det berre å lata seg imponera over kor godt grågåsa kjenner norske tider for lovleg jakt på grågås. Den startar 10. august, men då har dei fleste av desse grasetarane alt komne seg på ei charterfyking mot varmare strok.