To konsertar laurdag 29. september og ein dagen etter, søndag 30. september – og felles for alle tre konsertane med «Voice-Paret» Anne Fagermo og Endre Olsen er at dei alt er utselde. Dette kan lesast på Frugård Arena sine nettsider. Stordront kan leggja til at dei heldige med billett(ar) har ei gild songstund å gleda seg til.
Førre fredag var me mellom mange hundre som høyrde Fagermo/Olsen på utescenen Rootsville midt i sentrum av Notodden Bluesfestival. På den 35. festivalen i bluesrekkja, var dei to herleg godt røysteføre trubadurane ført opp med konsert om lag samstundes som veteranane i Uriah Heep inntok Hovigs Hangar. Fagermo/Olsen klarte seg svært godt i tevlinga og møtte eit stort publikum som lytta med interesse og takka for song og musikk med sterk applaus.