Kva kraft det eigentleg er i fossande store vassmassar, vart nokre turgåarar vitne til ved laksatrappa i Frugardselva i onsdag kveld. Nedover vassdraget, med langt over normal vassføring, var ein plastfæring på rek. Båten skaut ekstra fart når han nærma seg «trappa» og raste utfor. Vart liggjande ei stund i ein kulp og fekk mange slag mot steinane der, før vatnet igjen tok tak og førte båten vidare nedover. Brått vart færingen hiven rundt og bakre tofta var slegen av, saman med flyteisoporen. Siste ein såg var at båten igjen flaut og rak ut mot Vikafle.
Melding om hending var straks meddelt Hamnestellet, som saman med mannskap frå Brann og Redning drog ut med båtar og fann straks den delvis nedsøkkte færingen på fle og drog han til lands.